top of page

Meir

Me i Rysstad Laftebygg AS kan tilby mykje meir enn berre hus og hytter. Me har tippbil, gravemaskin, tømmerbil og sagbruk alle klare for nye oppdrag. Me legg og torvtak med heilsveisa protan. 

Transport, tippbil, graving, sagbruk, materiallevering 

Gravemaskin 

Skal du grave? Me tek på oss mindre graveoppdrag og har ei 8 tonns gravemaskin. Maskina kan flyttast med ein vanleg lastebil, noko som gjer at det vert billigare for deg som kunde.

Gravemaskin

Materiallevering/sagbruk 

Med eige sagbruk på Rysstad har me full kontroll på heile byggeprosessen frå tømmerstokk til ferdig lafta hytte. Skal resultatet bli godt er det viktig at råvarene har god kvalitet. Ein laftestokk lyt turke i fleire år før ein kan starte arbeidet med å lafte. Trelast er meir enn berre 2x6 og 2x4. Vår spesialitet er grove dimensjonar, men me kan sage plent dei dimensjonane du vil ha. Laftetømmer, kledningsbord, reisverk eller dreia stolpar - me tek utfordringa!

​

Du kan sjølvsagt kaupe materialar av oss, om du vil byggje sjølv

Sagbruk
bottom of page