Sagbruk

Me har eige sagbruk på Rysstad.

Her har me full kontroll på heile prosessen frå tømmerstokk til ferdig lafta hytte. Skal resultatet bli godt er det viktig at råvarene har god kvalitet. Ein laftestokk lyt turke i fleire år før ein kan starte arbeidet med å lafte.

Trelast er meir enn berre 2x6 og 2x4. Vår spesialitet er grove dimensjonar, men me kan sage plent som du vil. Laftetømmer, kledningsbord, reisverk eller dreia stolpar - me tek utfordringa!

Du kan sjølvsagt kjøpe materialar av oss, om du vil bygge sjølv.

Spør oss om pris.

sagtopp.jpg
Meny Lukk